Kven er Tre & Hage?

LogoStig Kjoberg Almås og  Kjetil Lønning skipa våren 2007 Tre & Hage DA. Frå 1. juli 2008 skifta me selskapsform, og er no Tre & Hage AS. Me  er Sunnhordlands største anleggsgartnarfirma.

Stig Kjoberg Almås, Sagvåg, er utdanna agroteknikar og har 20 års erfaring frå skogsdrift og trefelling. Dei seinere åra og frå trepleie og anleggsgartnerfaget. Han vart ETW-sertifisert treklatrar i 2006 (ETW-Europeen Tree Worker), og har ei sjeldan brennande interesse for tre og trepleie. Har hatt si eiga verksemd sidan 2005.

Kjetil Lønning, Fitjar, er utdanna agronom og har fagbrev som  anleggsgartnar. Han har òg lang og variert erfaring frå skogsdrift, landbruk og anleggsgartnarbransjen. Med sin breie og allsidige bakgrunn tek han gjerne ei ny utfordring. Han har hatt si eiga verksemd sidan  år 2000.

Kvifor Tre & Hage? Me har samarbeidd ein del dei siste åra, og såg etterkvart at tida var inne for å slå seg saman.  Med ein veksande  marknad såg me trong for dette. Me har tru på framtida, og ser det òg som ein styrke for kundane våre at kompetansen vår er samla i eit firma.

Tre & Hage har ei sterk ryggrad, med god økonomi, mykje godt utstyr og ein stab som utgjer ca fire årsverk. Bedrifta er godkjent opplæringsbedrift i anleggsgartnarfaget.

Statsbygg sine eigedomar på Stord og store deler av næringseigedomane i Leirvik sentrum, er grøntanlegg me har ansvar for.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>